Hopp til hovedinnhold

Dokument 3:12 (2015–2016) / Offentliggjort Undersøking av styresmaktene sitt arbeid for å auke talet på læreplassar

Sjølv om Stortinget har understreka at det er eit mål å sikre flest mogleg elevar læreplass, var det over 9000 søkjarar som ikkje fekk læreplass i 2015. Samtidig finst det ledige plassar. Opplæringstilbodet innan yrkesfaga er ikkje godt nok tilpassa behovet for arbeidskraft.

Funn

  • Prosentdelen søkjarar som får læreplass har gått ned etter 2011. Nær 9100 søkjarar fekk ikkje læreplass i 2015
  • Opplæringstilbodet og formidlinga av søkjarar er ikkje tilstrekkeleg tilpassa behovet for arbeidskraft
  • Forhold ved opplæringa i vidaregåande skule medverkar til at mange søkjarar ikkje får læreplass
  • Lite kunnskap om bruk og verknad av lærekandidatordninga. Ordninga blir nytta svært ulikt av fylkeskommunane
  • Inntak av lærlingar i staten kan bli utnytta ytterlegare, mange statlege verksemder synest å ha lite kunnskap om lærlingordninga
  • Rekrutteringsbehovet i den enkelte verksemda er den viktigaste hindringa for å auke talet på læreplassar
  • Styresmaktene har ikkje prioritert arbeidet med å rekruttere nye lærebedrifter høgt nok

Tilrådingar

Riksrevisjonen rår til at Kunnskapsdepartementet

  • vurderer korleis verkemiddelbruken kan utviklast for å understøtte arbeidet i fylkeskommunane med dimensjonering av talet på skuleplassar i yrkesfagleg opplæring, formidling av søkjarar og oppfølging og rettleiing av lærebedrifter
  • vurderer verkemiddel og tiltak for å styrkje nasjonalt og fylkeskommunalt arbeid med å rekruttere nye lærebedrifter og for at lærebedriftene skal sjå seg tente med å ta inn fleire lærlingar
  • undersøkjer bruk og verknad av lærekandidatordninga

Riksrevisjonen rår til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • vurderer å styrkje arbeidet med å informere og rettleie statlege verksemder om lærlingordninga
  • jamleg følgjer opp utviklinga i bruken av lærlingordninga i staten

Bakgrunn og mål for undersøkinga

Ei viktig årsak til at ungdom ikkje fullfører yrkesfagleg vidaregåande opplæring, er at dei ikkje får læreplass.Når ein elev ikkje får læreplass, inneber det eit stort ressurstap for eleven sjølv og for samfunnet. Stortinget har i fleire samanhengar understreka at det er eit mål å sikre flest mogleg elevar læreplass.

I 2012 inngjekk styresmaktene og partane i arbeidslivet Samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Avtalen inneheld blant anna mål om å auke talet på nye læreplassar med 20 prosent i perioden 2011–2015.

Målet med undersøkinga har vore å klarleggje kvifor mange søkjarar frå yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule ikkje får tilbod om læreplass. Undersøkinga omfattar hovudsakleg perioden 2011–2015.

Denne saken er ferdigbehandlet av Stortinget

Saken ble behandlet i Stortinget 9. desember 2016.

Les mer på stortinget.no
Kategorier: Arbeidsliv Utdanning