Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Dokument 3:14 (2024−2025) / Offentliggjort Arbeidet til styresmaktene med samanhengande digitale tenester

Arbeidet med livshendingane har i liten grad gitt innbyggjarane betre samanhengande digitale tenester. Usikker finansiering og dårleg samordning er hovudproblema.

Kort bakgrunn

  • Tenestene frå det offentlege skal være samanhengande og heilskaplege, uavhengig av kva for ein verksemd du er i kontakt med. Slik blir kvardagen enklare, særleg for menneske i ei sårbar livssituasjon.
  • Sju livshendingar skal prioriterast i arbeidet med å lage brukarvennlege digitale tenester. Vi har undersøkt fire av dei: sjukt barn, miste og finne jobb, dødsfall og arv, og starte og drive ein frivillig organisasjon.
  • Undersøkinga omfattar perioden 2019 til 2024.

Overordna vurdering

  • Ikkje tilfredsstillande
  • Kritikkverdig
  • Sterkt kritikkverdig

Det er ikkje tilfredsstillande at

  • det ved utgangen av 2024 i liten grad er realisert effektar for brukarane av arbeidet med dei fire undersøkte livshendingane
  • det er ein risiko for at fleire av minimumsløysingane som er utvikla, ikkje blir sette i drift eller utvikla vidare
  • samordning og styring av arbeidet med livshendingane ikkje har fungert godt nok til å løyse kjende utfordringar på tvers av sektorar

Konklusjonar

Tilrådingar

Riksrevisjonen tilrår at Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet forsterkar arbeidet med å få på plass dei heilskaplege samanhengande digitale tenestene som gir mest nytte for brukarene og samfunnet, mellom anna ved å tydeleggjere forventingar til dei andre departementa om at det skal leverast digitale samanhengande tenester til brukarane.

Vi tilrår også at departementet sørgjer for at verkemidla vert innretta slik at dei støttar betre opp om målsettingane, mellom anna at:

  • Digitaliseringsdirektoratet si rettleiing i større grad vert tilpassa prosjekta for utvikling av samanhengande digitale tenester sine behov.
  • dei finansielle ordningane si innretning i større grad vert tilpassa tverrgåande utviklingsprosjekt.

I tillegg tilrår vi at departementet forsterkar arbeidet med å sikre at dei samanhengande digitale tenestene som er utvikla får nytte for brukarane og forvaltinga, gjennom:

  • pårekneleg finansiering for å få nødvendig overgang frå utvikling til vidare drift av løysingar som går på tvers av sektorar.
  • å følge opp vidare utvikling av løysingane som er nødvendig for å kunne ta ut forventa gevinstar.

Til behandling i Stortinget

Vi sendte undersøkinga til Stortinget 11. juni 2025.

Følg saka videre på stortinget.no
Kategorier: Digitalisering/ikt Offentlig forvaltning

Spørsmål?

Bilde av Siri Bentserud Wingerei

Siri Bentserud Wingerei

Kommunikasjonssjef

990 39 479 sbw@riksrevisjonen.no
Bilde av Annette Gohn-Hellum

Annette Gohn-Hellum

Ekspedisjonssjef

911 97 817 ago@riksrevisjonen.no