Dokument 3:13 (2024−2025) / Offentliggjort Reduksjon av klimagassutslepp frå jordbruket
Jordbruket skal gjennomføre store utsleppskutt innan 2030, men ingenting tyder på at det er mogleg. Målkonfliktane er store og klimaavtalen mellom staten og jordbruket er urealistisk.
-
(PDF, 3,62 MB)
Last ned fullversjon
-
(PDF, 3,62 MB)
Les riksrevisor sin presentasjon
-
(Video fra 05.06.2025)
Sjå riksrevisor sin presentasjon
Kort bakgrunn
- Jordbrukssektoren er ein av få sektorar der det er sett ein sektorambisjon for reduksjon av klimagassar. Denne ambisjonen er uttrykt i Intensjonsavtale mellom jordbruket og regjeringen om reduserte klimagassutslipp og økt opptak av karbon fra jordbruket for perioden 2021–2030, som vart inngått i 2019.
- Målet med avtalen er å redusere klimagassutslepp og auke opptaket av karbon frå jordbruket tilsvarande 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar samla for perioden 2021–2030.
Overordna vurdering
-
Ikkje tilfredsstillande
-
Kritikkverdig
-
Sterkt kritikkverdig
Det er ikkje tilfredsstillande at styringa frå Landbruks- og matdepartementet på klimaområdet ber preg av mangel på ein tydeleg strategi, av uklare ansvarsforhold og av lite samsvar mellom dei ambisjonane som er sette for 2030, og oppfølginga som skjer i form av utvikling og iverksetjing av effektive verkemiddel.
Sjølv om klimagassreduksjon har fått auka merksemd, mellom anna i jordbruksforhandlingane, er det ingen teikn til at det vil vere mogleg å nå reduksjonsmålet som klimaavtalen set for utslepp frå jordbruket, innan 2030.
Det har teke lengre tid enn venta å realisere ulike utsleppsreduserande tiltak, og i tillegg har den forventa effekten av enkelte tiltak vorte nedjustert. Dette bidreg til å svekkje realismen i måla som er sette gjennom klimaavtalen.
Konklusjonar
- Regjeringa har samla sett ikkje lagt til rette for ein verkemiddelbruk som gjer det sannsynleg å nå reduksjonsmålet i klimaavtalen med jordbruket innan 2030.
- Framdrifta er svak, sett i lys av at det er seks år sidan klimaavtalen mellom jordbruket og staten vart inngått, og fem år til reduksjonsmålet for sektoren skal vere nådd.
- Då partane inngjekk klimaavtalen, var dei ikkje merksame på utfordringar knytte til myr som påverkar måloppnåinga negativt.
- Dei jordbruksrelaterte utsleppa frå arealbrukssektoren auka med nesten 40 prosent i perioden 1990–2021. Den viktigaste årsaka er omgjering av særleg myr, men også skog, til dyrka mark og beite.
- Det står att mykje arbeid i forvaltninga med å finne løysingar på korleis klimagassutsleppa kan reduserast samstundes som ein tek omsyn til andre landbrukspolitiske målsetjingar.
- Landbruks- og matdepartementet har ikkje komme langt i å synleggjere korleis ein skal handtere krevjande målkonfliktar innanfor jordbrukssektoren, verken åleine eller i samarbeid med andre relevante departement.
Del A av klimaavtalen omfattar jordbruket sine bidrag til reduksjonar i klimagassutslepp og opptak av karbon i avtaleperioden. Landbruks- og matdepartementet har ikkje teke nok ansvar for å gjennomføre del A av avtalen, inkludert å vurdere om tiltak vil vere tilstrekkelege for å sikre at ein når måla i tråd med føresetnadene frå Stortinget.
- Avtalen føreset at ein stor del av reduksjonane i utslepp skal skje gjennom klimatiltak på gardsnivå, sjølv om det største potensialet for å redusere utsleppa er knytt til redusert matsvinn og endra kosthald.
- Fleire av satsingane i jordbruket er umodne og nokre har eit usikkert potensial for utsleppsreduksjonar.
- Ansvarsdelinga mellom avtalepartane inneber ein risiko for manglande måloppnåing.
- Landbruks- og matdepartementet burde ha teke stilling til kor store utsleppsreduksjonar det var realistisk å forvente at jordbruket kunne oppnå gjennom del A. Då kunne departementet i større grad ha handtert risikoen for manglande måloppnåing.
- Klimagassreduksjon og karbonopptak i jord har fått auka merksemd både i jordbruksforhandlingane og gjennom andre satsingar.
- Verkemidla for å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket er beskjedne og gir relativt låge utsleppsreduksjonar.
- Eit nytt gjødselregelverk har komme på plass i 2025, etter å ha vore under revidering i mange år.
- For bonden finst det fleire barrierar for å gjennomføre klimatiltak på garden.
Målkonfliktane mellom dei ulike jordbrukspolitiske måla er godt kjende, og det er knytt krevjande avvegingar til å bruke statlege verkemiddel for å påverke etterspurnaden etter ulike matvarer blant forbrukarane.
Det er likevel grunn til å peike på at det er manglande samsvar mellom ambisjonane i klimaavtalen og oppfølginga i etterkant.
Når bransjeavtalen for redusert matsvinn er under revisjon, og det står att mykje forskriftsarbeid i samband med matsvinnlova, er det framleis stor usikkerheit knytt til om tempoet vil vere tilstrekkeleg til at måla som er sette fram mot 2030, kan nåast.
Tilrådingar
Vi tilrår at Landbruks- og matdepartementet
- utarbeidar ein klimastrategi for sektoren som konkretiserer korleis ein skal nå klimamåla og tydeleggjer viktige vegval som må takast dersom utsleppa frå jordbruket skal kuttast i tråd med ambisjonsnivået i klimaavtalen med jordbruket
- forsterkar arbeidet med å utvikle og setje i verk eigna verkemiddel og tiltak for reduksjon av klimagassutslepp på gardsnivå innanfor del A i klimaavtalen med jordbruket
- utarbeidar ein framdriftsplan for arbeidet med å redusere matsvinn som sikrar høgt tempo både i revideringa av bransjeavtalen og i arbeidet med forskrifter knytt til matsvinnlova
- kritisk vurderer kor realistiske forventa klimaeffektar av tiltak er, særleg tiltak som er på utviklingsstadiet, og sørgjer for at usikkerheita knytt til effekten av dei ulike tiltaka så langt råd blir synleggjord, mellom anna i Regjeringas klimastatus og -plan.
- sikrar eit betre grunnlag for målretta styring basert på realistiske planar, dersom det blir ei reforhandling av klimaavtalen med jordbruksorganisasjonane, slik regjeringa varslar i klimameldinga.
Vi tilrår også at Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, og Helse- og omsorgsdepartementet
- avklarer ambisjonsnivå, verkemiddel og ansvarsforhold mellom departementa i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa frå jordbruket gjennom forbruksendringar i tråd med kostråda.
Til behandling i Stortinget
Følg saken videre på stortinget.noSpørsmål?

