Kapittel 1.0

Om undersøkinga

1.1 Til Stortinget

Riksrevisjonen legg med dette fram Dokument 3:7 (2020–2021) Riksrevisjonens undersøking av om statlege
barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barn i barnevernsinstitusjonar.

Dokumenta i denne serien er delt inn slik:

  • oppsummering av hovudfunn, merknader frå Riksrevisjonens, tilrådingar, oppfølging frå departementet og sluttmerknad frå Riksrevisjonen
  • rapport
  • vedlegg: brev frå Riksrevisjonens til statsråden og svarbrev frå statsråden

Riksrevisjonen nyttar desse omgrepa for kritikk, rangert etter kor alvorlege dei er:

  1. Svært alvorleg blir nytta ved forhold der konsekvensane for samfunnet eller for dei innbyggarane det gjeld, er svært alvorlege, til dømes risiko for liv eller helse.
  2. Alvorleg blir nytta ved forhold som kan ha vesentlege konsekvensar for samfunnet eller dei innbyggjarane det gjeld, eller der summen av feil og manglar er så stor at det må reknast som alvorleg i seg sjølv.
  3. Sterkt kritikkverdig viser til forhold som har mindre alvorlege konsekvensar, men som gjeld prinsipielle eller viktige saker.
  4. Kritikkverdig blir nytta for å karakterisere mangelfull forvaltning der konsekvensane ikkje nødvendigvis er alvorlege. Dette kan gjelde feil og manglar som har økonomiske konsekvensar, brot på regelverk eller saker som er tekne opp tidlegare, og som framleis ikkje er retta opp.

Riksrevisjonen, 30. september 2020
For riksrevisjonskollegiet
Per-Kristian Foss
riksrevisor

Barnekonvensjonen gir barn og ungdom under 18 år eit særleg menneskerettsvern. Det er eit overordna prinsipp i barnevernlova § 4-1 at ein skal leggje avgjerande vekt på kva som er til det beste for barnet når ein
vel tiltak.

Målet med denne undersøkinga er å vurdere om statlege  barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barnet ved plassering og oppfølging av barn i private og statlege barnevernsinstitusjonar, og eventuelle svake sider ved området. Undersøkinga omfattar perioden 2017 til 2019.

Alle barn og unge som veks opp i Noreg, skal ha trygge og gode oppvekstvilkår. Det vil seie at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få nødvendig hjelp, omsorg og vern, jf.
lov om barnevernstjenester (barnevernlova) § 1-1. Eit av tiltaka som kan setjast i verk, er å plassere barn anten i ein privat eller statleg barnevernsinstitusjon.

Det er det kommunale barnevernet som vel kva tiltak som skal settas i verk for eit barn. Eit av tiltaka som kan settas i verk, er å plassera barn i enten ein privat eller statleg barnevernsinstitusjon. Dersom det ligg føre
samtykke til plasseringa frå ein forelder, eventuelt frå barnet sjølv, er det kommunale barnevernet som gjer vedtak om plassering. Bufetat har plikt til å tilby det kommunale barnevernet ein plass i ein barnevernsinstitusjon som er tilpassa det enkelte barns behov. Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker avgjer om det skal fattas tvangsvedtak om å ta over omsorga for eit barn etter barnevernlova § 4-12.

Ved omsorgsovertaking avgjer fylkesnemda kva institusjon barnet skal plasserast i.

For eit barn vil det vere ei stor endring i livet å flytte inn på ein barnevernsinstitusjon. Dette vil seie at det offentlege tek over ansvaret i ei krevjande situasjon for dei mest sårbare barna. Val av barnevernsinstitusjon
og oppfølging undervegs på institusjonen er avgjerande for utviklinga og framtida til barnet. Ved plassering på institusjon skal det kommunale barnevernet følgje opp barnet undervegs. Bufetat har eit ansvar for
etablering og drift av institusjonar, og for at det finst eit tilstrekkeleg, differensiert og tilgjengeleg tilbod med god kvalitet. Det er også eit krav om at valet av plasseringsstad til kvart enkelt barn er forsvarleg.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i disponeringsbrev til Bufetat lagt vekt på kor viktig det er at barn og unge har ei positiv utvikling under opphaldet på barnevernsinstitusjonane. Barna skal ha det betre
og ha fleire moglegheiter for meistring når dei reiser frå institusjonen enn når dei blei plasserte i han. 

Bakgrunnen for undersøkinga er fleire alvorlege hendingar ved barnevernsinstitusjonar dei seinare åra som viser at barn ikkje alltid får den omsorga og behandlinga dei har behov for og krav på. Per 31. desember
2019 var totalt 774 barn plasserte i barnevernsinstitusjonar. 498 av barna var plasserte i private barnevernsinstitusjonar, medan dei resterande 276 barna var plasserte i statlege barnevernsinstitusjonar.

Undersøkinga har mellom anna teke utgangspunkt i desse vedtaka og føresetnadene frå Stortinget:

  • barnevernlova
  • forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barneverninstitusjonar
  • Innst. 395 L (2012–2013), jf. Prop. 106 L (2012–2013) Endringar av barnelova
  • Innst 186 S (2009–2010), jf. Dokument 8:21 S (2009–2010) Representantforslag for å sikre full barnvernsdekning

Rapporten blei lagd fram for Barne- og familiedepartementet ved brev 24. mars 2020. Departementet har i brev 8. mai 2020 gitt kommentarar til rapporten. Kommentarane er i hovudsak innarbeidde i rapporten og i
dette dokumentet.

Rapporten, oversendingsbrevet frå riksrevisorkollegiet til departementet 16. juni 2020 og svaret frå statsråden 11. august 2020 følgjer som vedlegg.

1.2 Bakgrunn