Kapittel 6.0

Sluttmerknad frå Riksrevisjonen

Riksrevisjonen merker seg at statsråden tek funna til Riksrevisjonens alvorleg.

Statsråden viser til at det er det kommunale barnevernet som har ansvaret for å undersøkje situasjonen og behova til barnet. Det gjer at val av tiltak for det enkelte barn vil vera avhengig av samhandling og faglig dialog mellom det statlege og det kommunale barnevernet. Riksrevisjonen er einig i dette, men vil likevel peike på at Bufetat har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit forsvarleg tilbod til barn i barnevernsinstitusjonar. Riksrevisjonen vil vidare understreke at statsråden har det overordna ansvaret for å sikre at barna får dekt dei behova dei har. Dette inneber mellom anna eit ansvar for å sjå til at samhandlinga mellom det statlege og det kommunale barnevernet fungerer godt.

Riksrevisjonen merkar seg at statsråden meiner at manglande  dokumentasjon ikkje nødvendigvis inneber at tilbodet til barna er mangelfullt. Riksrevisjonen meiner at manglande dokumentasjon utgjer ein risiko for at tilbodet til barn er mangelfullt. Dokumentasjon er avgjerande for å sikre kvaliteten på tilbodet som blir gitt til barn i barnevernsinstitusjonar. Samtidig er dokumentasjon, til dømes gjennom planar for barnet og rapportar om utviklinga til barnet, viktig for å velje rett tiltak for barnet også for framtida. Riksrevisjonen vil dessutan framheve at det er kritikkverdig at manglande dokumentasjon gjør det umogleg å vurdere i etterkant om
tilbodet barnet har fått, har vært til det beste for barnet.

Statsråden peikar på at det har blitt satt i verk fleire tiltak dei to siste åra, og at nye tiltak vil bli innført for å sikre det beste for barn i barnevernsinstitusjonar. Riksrevisjonen merkar seg at statsråden meiner at desse tiltaka skulle vært lagt til grunn for dei vurderingane Riksrevisjonen har gjort. Riksrevisjonen vil peike på at tiltak må bli implementert og faktisk føre til ei endring i praksisen til barnevernet før det er grunnlag for å vurdere resultata. Undersøkinga har teke utgangspunkt i den faktiske situasjonen ved plassering og oppfølging av barn i barnevernsinstitusjonar i undersøkingsperioden. Som statsråden framhevar, er det behov for eit systematisk arbeid for å forbetre institusjonsbarnevernet på ei rekkje felt. Det er viktig at barne- og familieministeren følgjer opp at tiltaka blir sette i verk og får ønskt effekt.

Saka blir send til Stortinget.

Vedteke i møte i Riksrevisjonen 1. september 2020

  • Per-Kristian Foss
  • Helga Pedersen
  • Anne Tingelstad Wøien
  • Gunn Karin Gjul
  • Arve Lønnum

Jens A. Gunvaldsen, revisjonsråd, er sekretær for riksrevisorkollegiet.