Kapittel 5.0

Oppfølginga frå departementet

Barne- og familieministeren skriv at undersøkinga til Riksrevisjonen viser at det er svakheiter i arbeidet med å gi eit godt tilbod til barn i institusjonsbarnevernet. Rapporten er eit viktig bidrag i forbetringsarbeidet som er i gang på området. Statsråden tek funna til Riksrevisjonen alvorleg og merkar seg tilrådingane. Revisjonen viser ifølgje statsråden behovet for eit systematisk forbetringsarbeid på ei rekkje felt i institusjonsbarnevernet, noko departementet vil følgje opp i styringsdialogen med Bufdir. Samtidig påpeikar statsråden at dei utfordringane undersøkingane har avdekt, i stor grad allereie var kjende, og at det i mange tilfelle er sett i verk og planlagt tiltak. Korleis tiltaka som allereie er sette i verk, vil bidra til å redusere dei svakheitene Riksrevisjonen har peika på, er ifølgje Statsråden i liten grad vurderte i rapporten.

Slik statsråden ser det, kunne det også ha vore problematisert i rapporten i kva grad manglar i dokumentasjonen av eit gitt tilbod nødvendigvis inneber reelle manglar i tilbodet som er gitt barna.

Manglande dokumentasjon er alvorleg, og er eit funn i seg sjølv, men det betyr slik statsråden ser det, ikkje nødvendigvis at reell oppfølging eller medverknad ikkje har funne stad. Samtidig viser statsråden til at krav til dokumentasjon også har vore sentralt i avgjerder frå Den europeiske menneskerettsdomstolen og Høgsteretts storkammer. Departementet vil på denne bakgrunnen vurdere om ein bør føreslå ei eiga føresegn om dokumentasjon og journalplikt i proposisjonen om ny barnevernlov, som etter planen skal sendast til Stortinget våren 2021.

Statsråden framhevar at for å gi barn eit godt institusjonstilbod er Bufetat avhengige av god informasjon frå andre aktørar og instansar, og god samhandling med desse. Statsråden viser til at det er den kommunale barnevernstenesta som har ansvaret for å undersøkje situasjonen og behova til barnet, og å be Bufetat om støtte ved plassering. Val av tiltak for det enkelte barnet føreset derfor samhandling og fagleg dialog mellom det statlege og det kommunale barnevernet. Statsråden framhevar at gode vurderingar av behova til barnet er viktig for vellykka institusjonsopphald. Både i Bufetat og i departementet er det gjennomført og planlagt prosessar som skal bidra til ein betre praksis framover. Statsråden viser mellom anna til implementering av standardisert forløp og eit nytt tilvisingsskjema som stiller høgare krav til skriftleggjering av vurderingane kommunen gjer av behova til barnet. Det er samtidig ein del kommunar som førebels må følgjast opp for å sikre at tilvisingsskjemaa blir brukte, og at informasjonen som blir gitt, er fullstendig. Statsråden opplyser i tillegg om at det i høyringsnotatet til ny barnevernlov er føreslått ei ny føresegn som gir institusjonen ein klarare heimel til å kartleggje barn under opphaldet.

Behovet for tiltak når det gjeld psykisk helsehjelp for barn som det offentlege tek over ansvaret for, har ifølgje statsråden vore kjent over tid.

Barne- og familiedepartementet har over fleire år samarbeidd med Helse- og
omsorgsdepartementet om tiltak for dei barna det gjeld. Statsråden viser også til at Bufdir, i samarbeid med Helsedirektoratet, har greidd ut eit forslag om å lovfeste ei plikt for barnevernstenesta til å be om kartlegging av den psykiske og somatiske helsa til barnet. I tråd med forslaget vil helse- og omsorgstenesta få ei korresponderande plikt til å tilby ei slik kartlegging.

Statsråden er oppteken av at opphaldet i institusjon skal gi barna trygge rammer og utviklingsmoglegheiter.

Dette inneber mellom anna at barna blir sikra tilstrekkeleg skulegang og helsehjelp. At det er fleire barn som ikkje blir godt nok følgde opp medan dei er i det statlege barnevernet, er etter hennar meining ikkje godt nok. Samtidig er det ifølgje statsråden viktig å få fram at Bufetat er i gang med eit omfattande forbetringsarbeid på dette området. Statsråden opplyser i samband med dette at det nye saksbehandlingssystemet og barnevernsfaglege kvalitetssystemet vil bli implementert frå utgangen av 2022.

Statsråden viser også til at det er sett i verk fleire tiltak for å styrkje praktiseringa av medverknad, mellom anna nytt tilvisingsskjema frå kommunane, tilbod om avklaringsmøte med barna før plassering i institusjon og opplæring av tilsette. I tillegg arbeider Bufetat med tilpassing og utvikling av systemstøtta til medverknad i det interne saksbehandlingssystemet.

Statsråden påpeikar at enkelte av Riksrevisjonens funn om svakheiter ved kvalitetssikringa av barnevernsinstitusjonar kan kome av at institusjonseigaren si oppfølging av påpeikingane frå Bufetat har vore mangelfull. Statsråden presiserer likevel at Bufetat sjølv har identifisert behovet for tiltak for å betre kvalitetssikringa av institusjonstilbodet, og dei har jobba systematisk med dette over tid. I 2019 blei det mellom anna utvikla ein felles kontrollmetodikk for Bufetat. Implementeringa av standardiserte forløp vil også bidra til at kvaliteten i tilbodet blir følgd opp betre. Bufetat bruker same kontrollmetodikken for både statlege og private institusjonar. I høyringsnotat til ny barnevernlov blei det samtidig føreslått at det skal stillast krav om at det blir gjort vedtak om godkjenning av statlege barnevernsinstitusjonar etter same vilkår som gjeld for godkjenning av private institusjonar. Barne- og familiedepartementet vil på bakgrunn av innspela i høyringa vurdere forslaget nærmare i arbeidet med proposisjon om ny barnevernlov.

Ein vesentleg del av institusjonstilbodet blir gitt av private aktørar. God kvalitet krev god dialog med, og oppfølging av, desse. Statsråden framhevar at Bufdir derfor har halde fram utviklingsarbeidet innanfor kjøp av barnevernstenester. Føremålet er å sikre at tenestene blir leverte i tråd med kontrakten, at tenesteutvikling i private tiltak skjer i tråd med nasjonale faglege tilrådingar, og at kontraktane alltid dekkjer dei behova etaten har.

Statsråden påpeikar vidare at Riksrevisjonens vurdering knytt til utvikling av kostnadsbiletet ikkje eintydig kan knytast til rutinesvikt. Dette bør etter hennar oppfatning også sjåast opp mot ei utvikling over tid, der etaten opplever at barn og unge som blir viste til institusjon, har meir omfattande
og komplekse behov. Dette utfordrar både tenestene til Bufetat og andre tenester etaten er avhengig av for å løyse oppgåvene sine, som skule og psykisk helsevern. Enkeltkjøp blir gjorde for å gi tilstrekkeleg kvalitet i tilbodet til barn, som i mange tilfelle er mellom dei mest sårbare og har dei mest omfattande behova. 

Statsråden er likevel einig i tilrådinga frå Riksrevisjonen og meiner det er viktig at enkeltkjøpa blir gjorde på ein best mogleg måte.