Dokument 3:7 (2019–2020) / Offentliggjort Undersøking av om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barn i barnevernsinstitusjonar

Undersøkinga viser at fleire barn blir plassert i barnevernsinstitusjonar utan at det ligg føre nok informasjon om behova deira. At behova deira ikkje blir godt nok kartlagde, kan føre til feil val av institusjon og utilsikta flyttingar, eller til at tilbodet i institusjonen ikkje er godt nok tilpassa barna.

Kort fortalt

  • Barnevernet skal leggje avgjerande vekt på kva som er til det beste for barnet når dei vel tiltak.
  • Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er organisert i fem regionar og har plikt til å tilby det kommunale barnevernet ein plass i ein barnevernsinstitusjon som er tilpassa det enkelte barns behov.
  • Behova til fleire barn blir ikkje godt nok kartlagde ved val av barnevernsinstitusjon.
  • Fleire barn blir ikkje godt nok følgde opp under opphaldet på barnevernsinstitusjonar.
  • Per 31.12.2019 var totalt 774 barn plassert i barnevernsinstitusjonar.

Funn

Kritikknivå:

Alvorlig

  • Utilstrekkeleg kartlegging av behova til barn inneber risiko for gal plassering. Gal plassering kan gje alvorlege konsekvensar for barna det gjeld.
  • Det er alvorleg at oppfølginga frå Bufetat ikkje er tilstrekkeleg for å sikre utviklinga og framtida til alle barn som er på barnevernsinstitusjonar.
  • Systemet for oppfølging av institusjonar har ikkje i tilstrekkeleg grad sikra kvaliteten i tilbodet som er gitt til barna. Konsekvensen kan vere at barn ikkje får forsvarleg omsorg og behandling, og at tenestene som blir leverte ikkje er tilpassa behova deira. Dette er alvorleg for barna det gjeld.

Kritikknivå:

Sterkt kritikkverdig

Gjennomføring av enkeltkjøp av institusjonsplassar utan at det ligg føre ei grunngiving, kan gje større risiko for at det ikkje blir tatt nok omsyn til behova til barn. Vi meiner dette er sterkt kritikkverdig.

Tilrådingar

Riksrevisjonen tilrår at Barne- og familiedepartementet sørgjer for:

  • at val av barnevernsinstitusjon tilpassast behovet til kvart enkelt barn og at barnet får mogelegheit til å medverke til sin livssituasjon
  • at det førelegg tilstrekkeleg dokumentasjon på dei vurderingar som ligg til grunn for val av barnevernsinstitusjon og at barnet si utvikling på barnevernsinstitusjonen blir evaluert og dokumentert
  • at det utarbeidas planar som skal sikre utviklinga til barn på barnevernsinstitusjonar
  • at barnevernsinstitusjonane legg til rette for at barn får nødvendig psykisk helsehjelp under opphaldet på barnevernsinstitusjonar
  • at Bufetat følgjer opp kvaliteten i barnevernsinstitusjonar på ein god måte
  • at Bufetat har tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføra enkeltkjøp og at kjøpa gjerast i medhald av rutinar

Bakgrunn og mål

Barnekonvensjonen gir barn og ungdom under 18 år eit særleg menneskerettsvern. Det er eit overordna prinsipp i barnevernlova § 4-1 at ein skal leggje avgjerande vekt på kva som er til det beste for barnet når ein vel tiltak. Målet med denne undersøkinga er å vurdere om statlege barnevernsmyndigheiter sikrar det beste for barnet ved plassering og oppfølging av barn i private og statlege barnevernsinstitusjonar, og eventuelle svake sider ved området.

Undersøkinga omfattar perioden 2017 til 2019.

Denne saken er til behandling i Stortinget

Saken ble overlevert til Stortinget 30. september 2020.

Følg saken videre på stortinget.no
Kategorier: Familie og barn

Spørsmål?

Bilde av Aleksander Åsheim

Aleksander Åsheim

Ekspedisjonssjef

945 07 619 aleksander.asheim@riksrevisjonen.no
Bilde av Sissel Elisabet Helminsen

Sissel Elisabet Helminsen

Kommunikasjonsrådgiver

977 27 237 sissel.helminsen@riksrevisjonen.no