3:14 (2023−2024) / Offentliggjort Styresmaktene sitt arbeid med å redusere forseinkingar og innstillingar på jernbanen
Det blir stadig fleire forseinkingar og innstillingar på jernbanen. Hovudårsaka er feil i infrastrukturen. Dei som bruker jernbanen, står igjen med eit dårlegare togtilbod.
- (PDF, 2,34 MB) Last ned fullversjon
Kort bakgrunn
- Det har vore eit mål over mange år å skape eit godt togtilbod for både innbyggarar og næringsliv, men forseinkingar og innstillingar har lenge vore ei utfordring.
- Det er viktig for brukarane at toget kjem og går når det skal.
- Dei siste åra har Stortinget løyvd mykje pengar til investeringar, drift, vedlikehald og fornying på jernbanen. Frå 2016 til 2024 vart løyvingane nær dobla.
- Undersøkinga omfattar perioden 2016 til 2023.
Overordna vurdering
-
Ikkje tilfredsstillande
-
Kritikkverdig
-
Sterkt kritikkverdig
Det er kritikkverdig at ein stor del av toga ikkje er i rute, og at omfanget av forseinkingar og innstillingar på jernbanen har auka.
Det er også kritikkverdig at
- det i fleire år har vore rapportert om dårleg måloppnåing og auka omfang av forseinkingar og innstillingar utan at Samferdselsdepartementet har gjennomført tilstrekkelege tiltak for å nå måla
- jernbaneinfrastrukturen er dårleg halden ved like og manglar fornying
- aktørane og bruken av verkemiddel har vore for dårleg samordna
- dei økonomiske insentiva i for liten grad har bidrege til å førebyggje driftsavvik
- I 2023 var kvart fjerde persontog og kvart tredje godstog forseinka eller innstilt.
- 2023 gav det dårlegaste resultatet i heile perioden. Da var toga forseinka i totalt 37 000 timar. Det er 12 000 fleire timar enn i 2016.
- Andelen forseinkingar og innstillingar har auka med rundt åtte prosentpoeng i perioden. Det gjeld både persontog og godstog.
Driftsstabilitet |
Mål |
Resultat 2023 |
Punktlegheit: Ikkje forsinka tog |
90 prosent av toga |
|
Regularitet: Ikkje innstilte tog |
97,7 prosent av persontoga |
93,9 prosent av persontoga |
- Jernbaneinfrastrukturen har vore for dårleg halden ved like og har mangla fornying. Det er hovudårsaka til forseinkingar og innstillingar. Vedlikehaldsetterslepet er stort og det aukar.
- Samordninga av aktørar og verkemiddel har vore for dårleg.
- Dei økonomiske insentiva har i for liten grad bidrege til å førebyggje driftsavvik.
- Ruteplanen har ikkje vore robust.
Tilrådingar
Vi tilrår at Samferdselsdepartementet følgjer opp den dårlege måloppnåinga med fleire tiltak som kan bidra til å redusere forseinkingar og innstillingar.
Vi tilrår også at departementet sørgjer for at
- Bane NOR bruker løyvde midlar til å gjennomføre vedlikehalds- og fornyingstiltak som har størst effekt på driftsstabiliteten
- aktørane får verkemiddel og insentiv som fremjar ein punktlegheitskultur i jernbanesektoren
- styringa og samordninga blir betre
- ruteplanen er robust