Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Dokument 3:16 (2025-2026) / Offentliggjort Kommunale helse- og omsorgstenester til eldre

Det er allereie mange fleire eldre i samfunnet, men enno er norske kommunar langt i frå førebudde, viser undersøkinga.

Kort bakgrunn

  • Det blir stadig fleire eldre i Noreg, samtidig som helse- og omsorgstenestene i kommunane har avgrensa kapasitet.
  • For å møte dei framtidige utfordringane er planlegging eit viktig verktøy.
  • Vi har undersøkt om kommunane sørgjer for berekraftige helse- og omsorgstenester av god kvalitet til eldre, og om statlege styresmakter legg til rette for dette.

Overordna vurdering

  • Ikkje tilfredsstillande
  • Kritikkverdig
  • Sterkt kritikkverdig

Manglande planlegging av helse- og omsorgssektoren i kommunane vil kunne føre til alvorlege konsekvensar for innbyggjarane. Det er kritikkverdig at Helse- og omsorgsdepartementet ikkje har ettergått at kommunane er tilstrekkeleg førebudde på demografiutfordringane.

Konklusjonar

Tilrådingar

Vi tilrår at Helse- og omsorgsdepartementet

  • følger opp at kommunane sine helse- og omsorgstenester blir dimensjonert for å dekkje behova til den aukande andelen eldre. I den forbindelse er kommunen si planlegging ei sentral forutsetning for at kommunane kan gi nødvendige helse- og omsorgstenester til sine innbyggarar på kort og lengre sikt.
  • sørger for betre kunnskap om kvaliteten på de kommunale helse- og omsorgstenestene, slik at det blir mogleg for statlege myndigheiter og kommunen sjølv å kunne følge med på nivået på og utviklinga i kvaliteten på tenestene.
  • sørger for at statsforvaltarane i større grad blir sette i stand til å gjennomføre tilsyn og bistå kommunane i arbeidet deira med planar og kvalitetsforbetring for å sikre eldre brukarar trygge og nødvendige tenester.
  • ser til at innretninga på investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar blir tilpassa til ulike kommunar sitt behov for fleire heildøgns omsorgsplassar og alternative bustadtilbod.
Kategorier: Arbeidsliv Helse Offentlig forvaltning

Spørsmål?

Bilde av Stian Fjelldal

Stian Fjelldal

Kommunikasjonsrådgiver

915 43 760 sfj@riksrevisjonen.no
Bilde av Annette Gohn-Hellum

Annette Gohn-Hellum

Ekspedisjonssjef

911 97 817 ago@riksrevisjonen.no