Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Inn i ei ny tid

Inn i ei ny tid

Riksrevisjonen har i over 200 år bidrege til tillit. Vi har vore ein garantist for Johan Sverdrups ord om «all makt i denne sal» og for at det dei folkevalde har bestemt, blir følgt. Gjennom åra har det vakse fram ein organisasjon, ein kultur, retningslinjer og praktiske løysingar om korleis vi best skal gjere dette. Det har skjedd gjennom stadige endringar og forbetringar.

Utnytte dei nye teknologiske moglegheitene

No er vi på veg inn i ei ny tid. Dei teknologiske endringane gir oss store moglegheiter, men òg store utfordringar. Vi kan samle revisjonsbevis i mykje større omfang. Vi kan analysere store datamengder. Vi kan gjere nye typar undersøkingar.

Det gjer det mogleg å heve kvaliteten på revisjonsarbeidet vesentleg – fordi vi får vite endå meir og får kapasitet til å gjere fleire handlingar. Og det gjer det mogleg å få meir revisjon ut av dei ressursane vi har. Men det inneber òg risiko mellom anna knytt til tryggleik og personvern.

Derfor må vi arbeide annleis enn i dag. Vi skal bruke teknologien så langt det er føremålstenleg. Og vi skal bruke den verdifulle menneskelege kunnskapen til å handtere det teknologien gir oss. Det betyr at arbeidsprosessane og behova for kompetanse blir annleis.

Samstundes må vi avmystifisere endringane. Veldig mykje av revisjonshandverket vil liggje fast. Forståinga av om vi undersøkjer dei rette tinga, om undersøkingane er rette, krava til revisjonsbevis, forståinga av vesentlege feil og av kva som er mislege handlingar, vil liggje fast. Menneska er og vil framleis vere den viktigaste ressursen vår.

Å utnytte dei nye teknologiske moglegheitene er ei hovudretning i den nye strategien til Riksrevisjonen. Vi tek eit klart vegval: Så langt det er mogleg, skal vi bruke teknologi til å forbetre, forenkle og fornye måten vi arbeider på. Dette er viktig for å nå det eine av dei fire måla i den nye strategien vår: at vi er ein effektiv organisasjon. Men like viktig er det for å nå det kanskje viktigaste målet: at vi skal levere revisjon av høg kvalitet.

Spesialisering

Heile samfunnsoppdraget vårt – å utøve kontroll på vegner av dei folkevalde – kviler på ein avgjerande premiss om at vi leverer revisjon av høg kvalitet. Derfor må vi heile tida strekkje oss for å sikre kvaliteten. Finn vi svakheiter, må vi tore å innrømme det. Og vi må rette feil raskt.

Vi må òg tenkje på det som er viktigast. Derfor har kollegiet i Riksrevisjonen vedteke at vi skal spesialisere rekneskapsrevisjonen slik at nokre konsentrerer seg fullt og heilt om den finansielle revisjonen og andre om kontroll av disposisjonane.

Men spesialisering føreset at vi samarbeider godt, slik at dei forholda som vi avdekkjer i den finansielle revisjonen, blir bringa vidare til dei som skal trengje djupare inn i spørsmålet. Dette er òg eit vegval i strategien.

Så skal vi ta nye steg og ta på oss nye utfordringar. Vi har 200 års erfaring med å kontrollere rekneskapane til staten, men gjer vi nok for å analysere dei?

Statsrekneskapen

Av statsrekneskapen kan vi lese kor stort Statens pensjonsfond er, men kvar står det kor store pensjonsforpliktingar staten har? Bør Riksrevisjonen spørje korleis den faktiske økonomiske stillinga i staten er? Dette og tilsvarande spørsmål skal vi løfte fram i ein ny seksjon for statsrekneskap og analyse.

Finansiell revisjon

Finansiell revisjon er tilbakeskodande, kontrollerande og stadfestande. Samstundes står visjonen vår fast: revisjon til nytte for morgondagens samfunn. For ja – revisjon er kontroll, men revisjon gir òg læring og forbetring. Det ser vi i den viktige jobben som revisorane våre gjer i å rettleie forvaltninga, slik at dei unngår å gjere feil.

Forvaltningsrevisjon

Vi ser det i forvaltningsrevisjonen òg. I kva grad når forvaltninga måla som Stortinget hadde med vedtaka sine? Blir ressursane til staten utnytta effektivt? Forvaltar ein økonomien nøkternt og forsvarleg?

Vi er sikre på at ei årsak til det gode omdømet Riksrevisjonen har, er at folk ser på oss som relevante, og at vi set søkjelyset på det som er viktig for oss menneske, og på det som er viktig for dei folkevalde i Stortinget.

Stortinget ønskjer grannsemd og tverrgåande undersøkingar. Slike undersøkingar treng ikkje å kome til ei bestemd tid. Samstundes ønskjer Stortinget at vi fangar opp aktuelle tema. Då er relevansen avhengig av at vi leverer raskt. Dette illustrerer at vi treng ulike løysingar. Derfor er det tredje vegvalet i strategien at vi skal utvikle ein meir variert portefølje av forvaltningsrevisjonar.

Kvalitet er grunnmuren i alt vi gjer. Skal vi levere revisjon av høg kvalitet, er det avgjerande at vi sikrar, tek vare på og utviklar kompetanse. Derfor er arbeidet med kompetanse eit anna satsingsområde.

Dialog

Men omdømet vårt avheng òg av at vi evnar å nå ut med bodskapen, at vi er tydelege, og at vi er til stades i samfunnsdebatten. Dei internasjonale retningslinjene for riksrevisjonar slår fast at riksrevisjonar skal bidra til debatt om forbetring av offentleg sektor og god utnytting av offentlege ressursar.

Derfor skal vi ta ei aktiv rolle i debatten om høgare effektivitet og produktivitet, slik vi har gjort dei siste åra.

Men dialogen må gå begge vegar. Derfor skal vi vere opne for innspel frå samfunnet. Dette kan verke nytt, men her òg har dei internasjonale retningslinjene bana veg. Dei er tydelege på at vi skal ha dialog med ulike interessegrupper og vurdere innspela deira, men sjølvsagt utan å gå på akkord med sjølvstendet vårt.

Det er hit vi vil. Vi skal vere relevante og gi meirverdi, levere revisjon av høg kvalitet, vere ein effektiv organisasjon og vere aktive og tilgjengelege i samfunnsdialogen. Det er måla.

Stoltheit over samfunnsoppdraget

Fellesskapen er noko av det som pregar Riksrevisjonen. Ei felles stoltheit over samfunnsoppdraget. Vi har eit sterkt medarbeidarskap og eit uvanleg tett samspel mellom leiinga, tenestemannsorganisasjonane og vernetenesta. Vi må ha gode prosessar for å sikre gode endringar.

Vi skal ha godt arbeidsmiljø. Riksrevisjonen skal vere ein attraktiv arbeidsplass der det er spennande å jobbe. Men det er ikkje spennande å jobbe i Riksrevisjonen dersom vi ikkje klarer å vere moderne og tidhøvelege, og det er heller ikkje godt å arbeide her dersom arbeidsbelastninga er for stor.

Derfor er det fjerde vegvalet å effektivisere arbeidsprosessar og organisering. Det heng nøye saman med det siste vegvalet: å hente ut økonomiske gevinstar til investering i kompetanse og teknologi, slik at vi nettopp kan utnytte dei nye teknologiske moglegheitene.

Ny strategi

Det er dette som er Riksrevisjonen sin nye strategi og veg inn i ei ny tid. Vi skal løpande måle at vi er der vi skal vere. Derfor styrkjer vi verksemdsstyringa òg. Kvart år skal vi melde til Stortinget om vi har nådd eit sett resultatmål.

Vi er ikkje i Riksrevisjonen for å gjere det same som vi kunne gjort i eit privat revisjonsfirma eller konsulentselskap.

Vi er her fordi vi har eit oppdrag frå Stortinget, fordi vi vil bidra til å styrkje demokratiet og utvikle velferdssamfunnet. Vi er her fordi vi skal utføre revisjon som er til nytte for morgondagens samfunn.

Årsrapport vedtatt av riksrevisorkollegiet 4. mars 2025.
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Tom-Christer Nilsen,
Helga Pedersen, Anne Tingelstad Wøien og Arve Lønnum

Ferdig behandla av Stortinget

Vi sendte årsrapporten vår til Stortinget 15. april 2025. De behandla den 6. juni

Les meir på stortinget.no

Eldre årsrapportar

Leter du etter årsrapportar frå 2019 eller tidlegare? Send oss ein e-post på postmottak@riksrevisjonen.no