Revisjonene viser behov for sterkare samordning i staten
Det meste er bra i norsk forvaltning. Av og til får Riksrevisjonen spørsmål om vi rettar kritikk mot alle vi undersøkjer. Nei, tvert imot. Når vi reviderer rekneskapane til statlege verksemder, ser vi at 220 av dei 230 rekneskapane i all hovudsak er rette. Vi bidreg undervegs med rettleiing slik at verksemdene skal unngå feil.
Når vi skal revidere om verksemdene utnyttar ressursane godt og når dei måla som Stortinget har sett, så vel vi ut eit fåtal tema der vi ser at det er risiko for at det kan vere feil og manglar som er av vesentleg betydning. Her veit vi at det kan vere grunnlag for kritikk. I fjor gav vi kritikk i 14 saker. I tre tilfelle gav vi sterk kritikk: for at Politiets tryggingsteneste ikkje har fått nødvendige verkemiddel til å fylle rolla si, for at personar med samtidige ruslidingar og psykiske lidingar ikkje får den hjelpa dei treng, og for at mindreårige blir plasserte i fengsel for vaksne.
Resultata av revisjonsverksemda
Riksrevisjonen sine revisjonar av korleis forvaltninga utfører oppgåvene sine (forvaltningsrevisjonar), blir normalt rapportert kvar for seg. I den nye riksrevisjonslova er det lagt opp til at Riksrevisjonen si årsmelding skal rette merksemda mot resultata av revisjonsverksemda. Derfor er årets melding retta inn mot å sjå det arbeidet vi utfører, i samanheng.
I revisjonane av tilbodet til og varetakinga av sårbare barn og unge ser vi at dei ulike sektorane ikkje klarer å samarbeide godt nok om tilbodet som skal givast.
På eit heilt anna område, utviklinga av digitale tenester i forvaltninga, ser vi det same. Styringa frå departementa og samordninga mellom sektorane er for svak.
Også i klimaarbeidet til staten står vi overfor ei stor tverrsektoriell utfordring som i stor grad blir styrt sektorvis.
Riksrevisjonen finn derfor grunn til igjen å peike på at ei av dei største utfordringane for norsk statleg forvaltning er at samordninga mellom sektorane er for svak.
I ei stadig meir kompleks verkelegheit er det nødvendig at Stortinget og regjeringa i større grad spør korleis samordninga kan bli betre.
Nye teknologiske moglegheiter
Riksrevisjonen sin strategi for åra fram til utgangen av 2027 gjer eit veldig tydeleg vegval: Vi skal gjere bruk av nye teknologiske moglegheiter. Gjennom det skal vi effektivisere arbeidsprosessar og organisering. Det gir moglegheit for å hente ut økonomiske gevinstar til investering i kompetanse og teknologi.
Dette steget inn i ei ny tid blir no gjennomført systematisk.
Gjennom nye digitale verktøy for innhenting av data og gjennomføring av revisjonsarbeidet, ei strategisk satsing på kunstig intelligens og ei ny skyløysing skal vi bruke teknologi så langt det er mogleg for å forbetre, forenkle og fornye måten vi arbeider på.
Ein grundig gjennomgang av heile verksemda har avdekt kvar det er rom for effektivisering. Samstundes har vi avklart kva kompetanse vi kjem til å trenge i framtida. Dei økonomiske gevinstane frå effektiviseringsarbeidet blir no henta ut etter ein detaljert plan der 52 av dagens stillingar blir fasa ut ved naturleg avgang. Gevinstane blir nytta til å etablere 30 stillingar med ny kompetanse og til å investere vidare i ny teknologi.
Revisjon er tradisjonelt tilbakeskodande. Riksrevisjonane har samstundes fått internasjonal kritikk for ikkje å rette nok merksemd mot risikoen knytt til framtidige økonomiske utfordringar.
Det nyttar lite om alt ser bra ut i dag, dersom ein veit at det ventar store forpliktingar nokre år fram i tid, mellom anna kostnader til pensjonar og helse- og omsorgstenester til stadig fleire eldre, klimaomstilling og styrkt innsats i Forsvaret som følgje av auka geopolitiske spenningar.
Riksrevisjonen la derfor hausten 2025 fram analysar av finanspolitiske utfordringar.
Analysane våre skal i stor grad byggje på materialet frå Finansdepartementet og Statistisk sentralbyrå. Med den uavhengige stillinga si kan Riksrevisjonen framleis peike på utfordringar som det er viktig at Stortinget er kjent med, også på område som ikkje tidlegare har fått mykje merksemd.
I årets presentasjon viste vi mellom anna at dersom verdien av Statens pensjonsfond utland fell med ti prosenteiningar, så vil den maksimale overføringa frå fondet til statsbudsjettet – innanfor ramma av handlingsregelen – reduserast med om lag 60 milliardar kroner per år!
Ny leiingsmodell
Den nye leiingsmodellen for Riksrevisjonen tredde i kraft 1. januar 2026.
Kollegiet av fem riksrevisorar valde av Stortinget er framleis den øvste leiinga i Riksrevisjonen.
Kollegiet har ansvaret for revisjonsverksemda og den overordna styringa av Riksrevisjonen. Kollegiet skal behandle alle viktige saker og saker av prinsipiell betydning. Det er no revisjonsdirektøren som står for den daglege leiinga av Riksrevisjonen.
Det påtroppande kollegiet takkar det avgåtte kollegiet og dei tilsette i Riksrevisjonen for innsatsen i den perioden som no er avslutta, og ser fram til vidare utvikling i den perioden som nettopp har byrja.

Takk til Riksrevisorkollegiet frå 2021 til 2025:
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Tom-Christer Nilsen,
Helga Pedersen, Anne Tingelstad Wøien og Arve Lønnum.
Foto: Mathias Fossum /Riksrevisjonen
Årsmeldinga for 2025 blei vedteke av det nye kollegiet:
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Solveig Horne, Rigmor Aasrud,
Harald Tom Nesvik og Tom-Christer Nilsen
Til behandling i Stortinget
Følg saka på stortinget.noEldre årsmeldingar
Leter du etter årsrapportar frå 2020 eller tidlegare? Send oss ein e-post på postmottak@riksrevisjonen.no.