Hopp til hovedinnhold
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster
Overskrift logo - Riksrevisionjonen sirkelmønster

Innsikt: Oppfølging av ein ny langtidsplan for Forsvaret

Innsikt: Oppfølging av ein ny langtidsplan for Forsvaret

Løyvingane til Forsvaret aukar kraftig i ei tid med store tryggingsutfordringar. Mange av utfordringane i den nye langtidsplanen har dei seinare åra vore tekne opp i fleire revisjonar frå Riksrevisjonen.

Av avdelingsdirektør Thor Haakon Knudsen

Den nye langtidsplanen tredde i kraft 1. januar 2025. Bak planen står eit  samla storting. Noreg vil totalt bruke 1 635 milliardar på forsvar fram til 2036. Det er  ein auke på 611 milliardar kroner i forhold til nivået på budsjettet då planen blei vedteken i 2024. Det inneber at forsvarsbudsjettet blir nesten  dobla i åra som kjem.

Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget legg til grunn at Noreg treng eit truverdig og avskrekkande militært forsvar i ei tid med ein ny tryggingspolitisk  situasjon. Komiteen peikar på at det er ei rekkje ulike risikomoment ved  gjennomføringa av planen, men understrekar at det er rett å gjennomføre han.

Nødvendig kontroll

Langtidsplanen byggjer mellom anna på Forsvarskommisjonen si utgreiing frå  2023. På bakgrunn av påviste svakheiter og dei store utfordringane framover meiner kommisjonen at Stortinget sin kontrollfunksjon blir viktigare, og at det
er nødvendig med betre tilsyn og kontroll når ein skal bruke meir ressursar på forsvar.

Forsvarskommisjonen peikar på Riksrevisjonen etter å ha vurdert alternative  tilsynsordningar.

Riksrevisjonen har dei seinare åra gjennomført fleire  revisjonar av den operative evna i Forsvaret. Dette vil òg vere ei prioritert oppgåve for oss i åra som kjem.

Utfordringar

Regjeringa vil først prioritere å utbetre svakheiter i dagens forsvar for å leggje til rette for vidare vekst. Planen prioriterer satsing innanfor fire hovudområde: 

  • auka evne til situasjonsforståing
  • fornying av Sjøforsvaret
  • styrking av luftvernet
  • auka kapasitet i Hæren og Heimevernet.

Vi har i fleire revisjonar peikt på utfordringar med dagens forsvar som òg vil ha relevans for prioriteringane i den nye langtidsplanen. Utfordringar med  vedlikehald, reservedelar og ammunisjon er omtalte i fleire revisjonar, mellom anna i undersøkingane av den operative evna til fregattvåpenet og den operative evna til kampflya.

Tilstrekkeleg med personell og kompetanse er òg ein sentral føresetnad for langtidsplanen. Utfordringar med personell og kompetanse er tilbakevendande funn i forsvarsrevisjonane våre:

  • I undersøkingane av den operative evna til fregattvåpenet viste vi til utfordringar i balansen mellom oppdrag og tilgjengelege ressursar når det gjeld personell og kompetanse.
  • I rapporten om den operative evna til kampflya konstaterte vi at vedvarande mangel på personell og kompetanse gjer at Luftforsvaret  ikkje fullt ut når kravet om full operativ kapasitet i 2025.
  • I undersøkinga av informasjonssystema til Forsvaret frå 2022 fann vi at mangel på kompetanse har medverka til at forsvarssektoren ikkje har  klart å løyse mange av utfordringane på IKT-området. Ei oppfølging av denne revisjonen blei rapportert til Stortinget i februar 2025. Vi registrerer at personell og kompetanse framleis er ei utfordring, men at det blir gjennomført tiltak.
  • Mangel på personell er òg ei hovudutfordring i investeringsprosessane. I undersøkinga av materiellinvesteringar i forsvarssektoren peikte vi på at utfordringar med personellressursar i både Forsvarsmateriell og Forsvaret er ei av årsakene til forseinkingar i framdrifta i prosjekta.

I den nye langtidsplanen blir det lagt opp til omfattande investeringar i nytt materiell. Utfordringar og manglande måloppnåing på  materiellinvesteringsområdet er påpeikte i fleire av dei ovannemnde  revisjonane.

I revisjonen av materiellinvesteringar kom det fram at det generelt tek for lang tid frå eit operativt behov oppstår, til Forsvaret mottek materiellet og får effekt av det.

Materiellet har ofte òg redusert omfang eller yting samanlikna med dei  opphavlege føresetnadene for anskaffinga. I tillegg finn vi at mangelfulle  berekningar av levetidskostnader gjer at Forsvaret ikkje har nok kunnskap om kva det vil koste å drifte framtidig materiell.

I revisjonen av den operative evna til kampflya kom det fram at mangel på  bueiningar bidrog til utfordringane med å rekruttere og behalde personell.

Utanriks- og forsvarskomiteen har peikt på kor viktig det er å utarbeide ein heilskapleg plan for utbygging av eigedom, bygg og anlegg, som sikrar betre synkronisering mellom materiellplanar og personellopptrapping.

Kjente, uløyste utfordringar

Utfordringar med styringa i departementet er òg eit tilbakevendande funn. Undersøkingane om fregattvåpenet, maritime helikopter til Sjøforsvaret, kampfly, informasjonssystem og materiellinvesteringar peikar alle på alvorlege utfordringar som både etatane i sektoren og Forsvarsdepartementet har kjent til over tid, men som dei ikkje har klart å løyse.

I fleire av rapportane viser vi til at det er overlappande og uklare  ansvarsforhold mellom etatane i sektoren, og at svak styring har svekt  verdien av investeringar. Ubalanse mellom oppdrag og ressursar er òg noko som går igjen.

I den ferske oppfølginga vår av undersøkinga av informasjonssystem til bruk i operasjonar har vi merkt oss at Forsvarsdepartementet gjennom reforma Forsvarssektoren 24 har etablert ein ny styringsmodell i sektoren. Modellen er under implementering og skal løyse fleire av styringsutfordringane, men det er førebels for tidleg å seie noko om effekten.

Totalforsvaret

Utanriks- og forsvarskomiteen understrekar at Noregs forsvarsevne ikkje  berre er basert på Forsvaret og alliansesamarbeidet. Komiteen viser til at  totalforsvaret omfattar gjensidig støtte og samarbeid mellom forsvarssektoren og det sivile samfunnet i fred, krise og krig.

Den evna Forsvaret har til å forsvare landet, er summen av innsatsen til  militære og sivile aktørar.

I 2025 har vi levert ei undersøking av sivil støtte på regionalt og lokalt nivå til Forsvaret innanfor ramma av totalforsvaret. Undersøkinga visar at sivile aktørar ikkje er godt nok førebudd på å støtte Forsvaret og allierte styrker i ei krise eller ein krig.